Prosessen i animasjon LO prosjektet

Heisann, har heilt gløymt ut å blogge gjennom dette læringprosjektet derfor tenkte eg at eg kunne skrive eit litt lengre blogg innlegg nå om sjølve prossessen og alt. Eg har lagt meg på måloppnåelsen middels, og trur eg kjem til å oppnå det.  Dette kjem til å bli eit temmeleg tungt og kjedeleg innlegg på grunn av at eg har gløymt å tatt bileter gjennom prossessen, så det kjem til å bli MYKJE tekst.

Inspirasjon, idearbeiding og planlegging

Forgje torsdag fekk me skikkeligt læringprosjektet, og me fekk det forklart litt nøyare og liknande. Eg hadde aller først tenkt å lage ein film om den andre oppgava, at me hiver for mykje mat. Eg hadde tenkt å bruke frukt å stop motion til å skrive i filmen. Eg hadde byrja med å tenkje på dette, men så kom eg på ein idé, eg skulle til Oslo neste dag å tenkte at det da var ein kjekk muligheit for meg å kunne lage ein litt kul vignett, eg byrja da å sjå på ulike vignetter på youtube. Eg såg på mange ulike kule vigentter og fann faktisk ein vigenett som eg tykkja likna litt på ideen min ( som eg la ut på bloggen forgje veke) eg fann også ein kul sang på ein vignett som eg tenkte kom til å passe til vignetten min, å når eg var ferdig med å filme og alt så fann eg faktisk ut at den passa veldig godt! Eg tegnet også storyboardet mitt å tenkte korleis eg skulle filme, eg var veldig usikker om eg skulle filme med gopro eller speilrefleks, men etter at eg hadde snakka med Åsmund bestemte me oss for speilrefleks.

Filming og grunnredigeringa

Neste dag var det tidleg opp for å dra til Oslo, da fekk eg vete at ei av dei eg skulle reise med gjerne ville vere med i filmen, så da fekk eg jenta eg trengte (hadde planer om å bruke meg sjølv, pleier å vere enklast) eg fekk søstere hennes til å filme ho i flyet på grunn av at ho satt på sidan av ho, men ellers filma eg ho sjølv, ut flyet, på gardemoen, på toget, i oslo og slikt. Diverre så kunne eg ikkje bruke det som blei filma på flyet på grunn av at søstera hadde filma feil, jaja. Eg redigerte filmen gjennom helga når eg hadde litt tid her og der så at eg skulle vere heilt klar til å byrje sikkeleg redigering når eg kom heim på mandag. Eg redigerte også saman ein kjapp animatic liknande film som eg viste på bloggen.

Redigering og after effects

Mandag var eg tilbake på skulen og da skulle eg byrje med after effects, eg grua meg ein del sidan eg tykkjar det er vanskeleg å forstå, samt at eg ikkje visste heilt kor mykje og kva eg ville animere. Eg skulle jo få tekst til å komme fram som det er i vignetten, men var usikker på korleis eg skulle gjere det og om eg skulle prøve meg på å animere noko meir. Var veldig bekymra for at eg enten skulle animere noko for mykje eller for lite slik at det ikkje blei bra. Noko eg fortsatt er usikker på. Eg redigerte kjapt artiklar til å passe til filmen min å så satt eg dei inn.

Eg importerte alt inn i after effects å jobba der. Eg ville fade inn teksten om skodespelarane slik at det passa til musikken, noko eg temmeleg raskt fann ut ikkje var så enkelt å gjere i AF, så på fredag bytta eg over til premier og tok å linka i staden for til AF. Dette gjor at det var mykje enklare og raskere å sjå det å eg fekk det til å passe ganske greitt. Eg prøvte meg så på å lage tittelen “På flukt” eg tenkte at eg ville prøve å lære meg litt 3D å slikt derfor tenkte eg at eg kunne gjer dette med tittelen. Eg følgte ein tutorial å alt gjekk temmeleg greitt, eg tykkjer at egentligt så passer ikkje tittelen så veldig godt, den burde ikkje ha vært i 3D for eg har enda ikkje sitt ein vignett som brukar det i tittelen, og ja det er noko med det som gjer at det verkar falskt. Men eg har valt å behalde det på grunn av at eg tykkjar at eg like så godt kunne det. Eg tenkte også på å istaden for å berre fade inn teksten om skodespelarane så ville eg fade inn bokstav etter bokstav, raskt. Det er ein veldig grei måte å gjer det på i AF, men eg fann ut at eg ikkje hadde tid så da droppa eg det. Eg hadde også planer om å få på slutten opp tv2 sine vanlige “greier” altså at det skulle komme opp “onsdag 21.30, 7.april” og så på slutten høre den vekjente kvinnestemmen seie ” kommer på tv2″ men det fann eg ikkje ut korleis eg skulle gjere så det endte eg med å droppe også. Derfor blei det einaste som minna oss på at det var TV2 var logoen øverst i hjørnet gjennom vignetten.

Skjermbilde 2015-03-28 kl. 22.04.40

Eigevurdering

Eg har funne ut at AF ikkje er heilt mi greie, eg blir veldig lett frustrert sidan det heile tida må rendre og macen blir veldig raskt trøtt og treig. Eg tykkjar også at sjølve programmet også ikkje var så veldig brukarvenneleg, sjølv om den hadde kjempe mange smarte løysningar. Eg angrer litt på at eg ikkje valte stop motion, men eg har da lært ein del i AF å det er jo det dette handlar om, å lære. Eg tykkjar at sjølve ideen min til vignetten var god, og eg likte sjølve redigeringsparten der eg ikkje trengte å tenkje på animasjon delen, men vell sidan dette LO var om annimasjon så var jo ikkje det poenget. Sjølv om AF ikkje er min favoritt program så tykkjer eg likevell at det er eit veldig nyttig program, å dersom eg har god tid i sommar trur eg at eg kjem til å sette meg meir inn i det å sjå ein del tutorials på det.

Da har eg levert inn filmen. Gleder meg til fashion LO etter påskeferien!

Bilde tatt 28.03.15 kl. 22.13

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s