Magasin og Fashion stilen

Hei! Eg tenkte at eg kunne snakke litt om magasin og fashion stilen, siden det er eit av mine mål å lære meir om.

Fashion

Modellen pleier nesten alltid å sjå rett i kamera utan å smile,ofte med så vidt open munn. Dette har eg også prøvt å gjera i mine bileter slik du kan sjå her

Eg halder på med håret mitt på nesten alle bileta på grunn av at me fann ut at bileta såg betre ut når eg gjor det, eg har også lagt merke til at hår kjem ofte ekstra godt fram i bileter.

Det er også vanlig å overdrive litt når det kjem til å redigere bileta i fashion stilen, altså at huden er nesten feilfri, håret er perfekt, og sminken er sterk og vakker. Eg har ikkje sminka bilete noko ekstremt, på grunn av at eg ikkje tykkja det passa så godt, så eg har i staden prøvt meg på ein litt meir naturlig look, men ikkje heilt naturleg, sidan du kan synleg sjå at ho har på seg sminke. Så altså ein mellomting.

4 5

Som du kan sjå her så er huden til desse to feilfri, eg er temmeleg sikker på at Keira Knightley ikkje har så vakker hud

Magasinet

Ein ting eg tenkjar på når eg tenkjar på magasiner er kontrast. Det er ofte veldig mykje kontrastar, fargar og ulike elementer i framsidane. Dette er på grunn av at dei vil få mest mulig på framsida for å lokke folk til å kjøpe magasinet, og det blir litt meir spanande og kjekt å lese ei framside når det er mykje som skjer.

I motsetning til vanlige blader pleier motemagasin å berre ha eit bilete på framsida, ofte av ein enten kjent person eller modell. Modellen dei har brukt pleier å vere midt på, og at teksten er rundt, bak, og (litt der det ikkje er for forstyrrande) framfor modellen.

Magasinene pleier å bryte ein del av dei vanlige reglane innan godt design, for eksempel regelen med å ikkje bruke for mange ulike fonter og fargar blir ofte brutt. Framsidene pleier ofte å ha minst to/tre ulike fonter, om ikkje meir.

Detta magasinet her er eit veldig godt eksempel på mange ulike fonter som har blitt brukt

Fargevalet på framsida pleier som oftest å bli bestemt av korleis bilete av modellen er, dersom modellen har veldig svart og kvitt på seg, og bakgrunnen er svart/kvit er nesten alltid fargane på skrifta og slikt veldig sterke, og spreke fargar, for å skape meir liv i framsida. Dersom modellen har på seg temmeleg fargerike klede så pleier dei å halde fargen på skrifta til svart eller kvit, og ikkje ha så mange ulike

Desse to framsidane her ser ein at modellen har på seg fargerike klede, og at bakgrunnen (spesielt på det eine bilete) er fargerike. Da ser ein at dei har brukt nesten berre kvit skrift.

Her derimot har modellande på seg svarte klede, og bakgrunnen er enten svart eller kvit. Da har dei brukt sterke fargar, spesielt på det eine her, som du kan sjå har di brukt cirka 8 farger på det eine.

Eg har brukt tre fargar på mitt magasin, bilete eg har brukt har eg svarte klede på meg, og bakrunnen er kvit, så da måtte eg ha sterke farger for å fange oppmerksamheita til folk. Men det må vere ein grunn til at eg bruker dei ulike fargane, så den lysaste rosa fargen er leppene på bilete av meg, også den andre rosa fargen, er ein farge eg fann med grunnlag av den lyse rosa fargen.

Som du kan sjå på dette bilete var det veldig dårlig kontrast, og kjedelig. Eg likte den fargen veldig godt, men eg tykkja at det var litt vanskeleg å finne ut korleis eg kunne gjere det litt meir spanande.

Skjermbilde 2015-03-02 kl. 13.08.28

Her ser du teksten veldig godt, og det er det som er hovudfokuset, istaden for modellen. Eg har brukt den skarpaste rosa fargen tre stader, på tittelen, på teksten i midten, sidan det er den eg vil skal fange lesaren først. Også har eg brukt den der det står “Rosa” for ja eg burde ha det der, sidan det stod ast Rosa var inn (Merk: Aner ikkje om rosa er inn eller ikkje, alt som står på framsida er skreven av ein person som ikkje har peiling på mote)

Skjermbilde 2015-03-05 kl. 14.07.29

Eg har brukt to fontar på mitt magasin, den fonten eg har brukt på tittelen og teksten på “ryggen” heiter Edmondsans og den fonten eg har brukt på alt anna heiter Didot.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s