Ei veke og tre dagers forsein veke innlegg

Hei! Dette er eit perfekt eksempel på kvifor eg aldri klarte og ha ei dagbok når eg var liten, jaja nå har eg i alle fall fått meg til å skrive dette. Den veka hadde me film, da kom eg i gruppe med Helene og Lene noko eg var rimelig fornøgd med, det eg synest var litt dumt var at me måtte sitte på den dårligaste staden i klasseromme, men men, nokon må jo sitte der. Den første oppgava vår blei eg ganske fornøgd med, det var og lage ein kort film om to personer som skulle overrekke ein mystisk pakke, me valte da å prøve og lage ein litt komisk vri på det, med at den mystiske pakken skulle vere tyggegummi.

Den neste oppgava var hovudoppgava, det var at me skulle lage ein film retta mot ungdomsskule elevar om ulike filmteknikker.  Me hadde ein veldig god idé tykkjer eg, ideen var at me skulle ha meg som typisk informasjonsperson som fortalte om desse filmteknikkene, mens det kom ulike morosame innspel frå Lene og Helene når det skulle vises korleis du skulle gjere ting. Eg tykkjer at me burde ha planlagt betre, me hadde ein muntlig innspellingsplan, men den var ganske defus og me gløymte og skrive den skikkelig ned, da me da kom på torsdagen blei det veldig mykje tull med kva me skulle filme og slikt, eg hadde også gløymt at eg trengte eit manus, det hadde me ikkje tid til følte me da når me kom på skulen, så det blei aldri noko skikkelig av, det gjor at når dei filma meg så blei alt eg sa tatt på sparket, og siden eg er elendig på slike spontante ting blei egentligt alt eg sa veldig tullete og ikkje sakelig, me fekk heller ikkje skikkeligt filma det som skulle vere løye me det. Eg var i radioen nesten heile den torsdagen på ettermiddagen så eg kom heim kl 10 på kvelden og fekk ikkje tid til å begynne å redigere den dagen, eg fekk da veldig panikk noko som gjor at eg halveis byrja på bussen heim, eg fortsatte så i Kjartan sine timer, eg var ubeskriveligt takknemelig når me da fekk haustferien på oss til å bli ferdig og eg brukte nesten heile helga på å få denne ferdig ( etter dette blei det også litt tull, men det gadder eg ikkje å gå inn på)

Som nenmt tidligere var eg på radioen på torsdagen den veka, der møtte me ho som nå har Feelgood timene ( dei timene eg og ei anna skal overta) ho forklarte først akuratt kva feelgood var, kva type musikk og stemning det er der og liknande, ho viste oss så korleis ein “mekker” ein time, det gjer ein med å finne fram jingler, reklamepauser, reklamesignal, konkurranse jingle, “feelgood fersking” jingle og slikt, så tar ein å “voicer” den timen, dette gjor ho i mens me såg på, etter på fekk me prøve oss på å mekke og voice kvar vår time, eg var veldig fornøgd med egen insats å følte at eg var i ein høg stemning, men fekk som tilbakemelding om at eg måtte ha ein eeeendddda høgere stemmning, så det må eg sei kjem til å bli ein utfordring. På tirsdagen i haustferien var eg der igjen, da hadde eg ein veldig dårlig dag så eg øvte meg på å øve og så gjekk eg heim berre to timer etter at eg kom der til, det var snakk om at eg skulle kome tilbake den torsdagen for å prøve og voice ein feelgood sending som kom til å bli sendt, dette skjedde ikkje, men eg skal førstkommande torsdag, så finger crossed at eg er god nok til å komme på lufta

selfiestudio

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s